Prøv Vitalturen – eit spanande turtilbod

Vitalturen er eit landsomfattande samarbeid mellom Vital Forsikring, Norges Orienteringsforbund og O-klubbar, idrottslag og turmarsjlag rundt omkring i Noreg. På Voss er det O-gruppa i Voss IL og Bulken Turmarsjlag som står som arrangør. Voss IL sine turmål er Bordalsgjelet, Mølstertunet og Oppkoma/Kjelda i Bømoen. Bulken Turmarsjlag har 2 turmål undervegs på Vossaturen. Turomtale må ein kjøpa hjå Stavenes bil i Strandavegen. Vitalturbrosjyrar er lagt ut i Sportsbutikkar og hjå Turistkontoret. Brosjyra kan også hentast frå internett på www.vitalturen.no

 

Kva er Vitalturen?

Vitalturen er enkle tilrettelagte turar til ymse turmål i fleire byar og tettstader i Noreg. Turane er meint som oppmuntring til aktivitet for folk flest. Vitalturen er nesten gratis og ikkje bindande. Du bestemmer sjølv kvar og når du vil gå. Ikkje så ulikt Tur-orientering. O-gruppa og Bulken Turmarsjlag har lagt til rette for at du får fine og lette turar her på Voss. Med Vitalturen får du poeng for same turmål kvar gong du besøker målet og sender inn koden. Ver merksam på at kodane blir skifta fleire gonger i løpet av sesongen. Skal du på ferie i Norge i år? Sjekk om det er Vitalturar der du skal feriere og nytta høvet til å få endå fleire turar. På Voss vil Vitalturen vera ”open” fram til 31. oktober.

 

Korleis kan du delta?

Vitja www.vitalturen.no og registrer deg som deltakar med namn, adresse og mobilnummer. Legg inn Voss IL eller Bulken Turmarsjlag som ”organisasjon”. Opplysningane blir berre brukt til å senda ut informasjon og eventuell premiering. Samstundes har du oversikt over alle turane og poenga på din eigen ”konto”.

 

Registrer koden med SMS eller på internett

På turmåla heng det ein plakat som syner postnummer og ein kode. Koden kan du senda som SMS-melding (kr 1,- pr. melding) til 2002 og turen din er registrert. Du kan også notera koden, gå inn på www.vitalturen.no og registrera koden der.

 

Premiering

Alle som har gått minst ein Vitaltur, er registrert på www.vitalturen.no og har sendt inn koden, er med i trekninga om gåvepremiar frå Vital. Born under 12 år som deltek vil få diplom pr. e-post etter fyrste gjennomførte tur og premie etter tre unike turar.

 

Send e-post til turmarsj@bulken.no med spørsmål om eller kommentarer til dette Web-området.
Sist endret: 10 september 2008