Jubileumsmarsj 05.05.15
Norges Turmarsjforbund er 40 år i 2015, og arrangerer med dette jubileumsmarsj over heile landet
Tinghuset - Klette - Skulestadmo - Tinghuset
Me starta frå Tinghuset og gjekk via Tvildemoen, Vasslia, Klette, Lirhus, Skulestadmo, og tilbake langs E.16 til Tinghuset. Været var grått med litt yr i starten, men ellers fin temperatur. Det var 17 personar som stilte denne kvelden. Sidan det var jubileumsmarsj, så vart det ein pause undervegs i løypa, der ein av medlemmane hadde laga til kaffi og Pavlova kake. Det smakte svært godt.