Vangstunellmarsj
Sundag 15 desember var det klart for tunellmarsj. Det var over 200 startande hjå oss, og totalt var det bortimot 1000 personar som gjekk gjennom tunellen denne dagen. Dette var eit samarbeid med Statens Vegvesen, som hadde open dag denne sundagen. Tunellen var ljos og fin, men det varer vel ikkje lenge etter at trafikken vert sleppt på. Det var info undervegs kva som var over hovudet på oss, og me fekk sjå "Grebbe Hangur" og tusser og troll, som underheldt. Det vart delt ut gløgg og pepparkaker undervegs.