Hardangerbrumarsj
Då var dagen komen for turmarsj over Hardangerbrua. Brua åpna i går 17.8.2013 i eit strålande fint vær. Når me skulle ha brumarsj, så var ikkje værgudane med oss. Han opna alle sluser, så einaste fornuftige var nok å kle seg i vestlandsbunaden (regntøy). Men trass i dårleg vær, så møtte tett oppunder 50 personar fram og starta marsjen. Det var folk frå Voss, Bergen, Askøy også mokre frå austlandet. Me hadde ein flott tur og fekk beundra det vakre ingeniørarbeidet.