Grunnlovsvandring
18 mai vert det Grunnlovsvandring frå Tinghusplassen.
Løypa vert: Tinghusplassen-Langebrua-Prestegardsmoen-Promenadevegen-Kvåle-Tinghusplassen
Sundagen kom og været var flott sol frå skyfri himmel, og tempraturen berre stig og stig. Før starten hadde me besøk av Bulken Ungdomskorps, som spelte flott musikk for oss, medan me venta på starten.
Så kom ordføraren og heldt ein liten tale om grunnlovsvandring, og klypte snora, og sette starten igang. Det var 53 personar med denne fine dagen, men hadde hatt plass til mange fleire.