Fjelltur 09.08.15
Hodnaberg - Kjellandsbu - Hodnaberg
Så var dagen for fjelltur komen. Me køyrde til Hodnaberg og påarkerte bilane, så starta me på turen oppover. Det var overskya og tungt vær med skodde oppe i lia. Når me kom vidare oppover vart skodda tjukkare, og me bestemte oss for at til Kiellandsbu vart det ikkje denne dagen, så me gjekk vidare til Kvålsdaeln og ein runde der ,før me gjekk nedatt gamle stølsvegen til Hodnaberg. Det var 10 personar som møtte fram, og me var alle glade for at me tok dette valet, for det var tjukk skodde og mørke skyer over Kiellandsbu heile dagen, medan me hadde nokre solglimt.