
Velkomen til Bulken Turmarsjlag
Dette er ei side som du kan gå inn på, og sjå på bilete etter turane me har hatt.
Det vil diverre ikkje verta noko bilete frå vinterseriane våre grunna mørkret.
Under dei forskjellige knappane til venstre ligg det meir informasjon og bilder frå kvart arrangement.
Klikkar du på bileta så vert dei større, og så på tilbake-knappen når du vil sjå noko anna.
Norgesleikane 2018
Bulken Turmarsjlag er teknisk tilskipar for Norgesleikane 2018 i regi av Norges Turmarsjforbund.
Arrangementet vil finna stad på Voss i tida 3. - 5. august 2018. Les meir om Norgesleikane
Målsetting for Bulken Turmarsjlag
Målsetjinga til Bulken Turmarsjlag er at folk kan verta med på turane, og sjå på bygda med nye augo, og frå nye vinklar. Samstundes som du kanskje kan få sjå nye stadar, vil du få lea på kroppen.
I turmarsj er det inga tidtaking, så me tek den tida me treng.
Kom og vert med oss, og sjå bygda frå andre og nye vinklar.
Bilete og tekst frå før 2013 finn du på den gamle nettsida
Helsing
Bulken Turmarsjlag
Kontaktinformasjon
Telefon+47 56 51 30 22 / 99 20 34 64
Postadresse: Strandavegen 138, 5700 Voss
Generelle opplysninger: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Web-ansvarlig: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.